Far - og hestane hans
Eldrid Lunden (1940-) er kanskje en av de viktigste lyrikere vi har i Norge. Hennes innflytelse på den yngre generasjonen av lyrikkskribenter er ganske enestående. Hennes stil er ofte observerende og ganske konkrete i forhold til sitt tema. Når jeg leser et dikt som ----far og hestane hans ----- så er det nett det jeg minnes og ser ganske klart for meg -- far, hjemme i Bringedal, og hestane hans:
Tenker på far og hestane hans. Hestane som likesom var berre hestane til far.
Og mor som aldri blei riktig kjend med hestane våre. Som gav dei høy
utan å gå opp i båsen. Som aldri tok dei ut. Eller leidde på bås. Eller henta på beitet.
Som alltid ropa at vi måtte vere forsiktige når vi henta, sela eller køyrde.
Og far som gav opp litt av særstillinga etter kvart som vi voks til. Når du hentar
hesten, skal du gå roleg mot han rett frammanifrå, sa far. Det kunne vere vanskeleg
nok så oppteken som hesten var av beitinga si. Heile tida snudde han
seg bitte lite grann slik at du kom skeivt.
Det aller vanskelegaste var når han omsider stoppa opp. Ikkje at han slutta
å beite. Langt i frå. Men han skotta på deg i det du forsiktig kom nærmare. Med eit
alldeles merkeleg uttrykk i ansiktet.
7:51:20 PM
|
|